fredag 6. mars 2009

Spørsmål til undersøking blant nettansvarlege i nyheitsmedier

No i starten av mars førebur eg ei gransking av ressursbruken i norske nettmedier, først og fremst nyheitsmedier der avis, radio eller TV er hovedproduktet.

Eitt av spørsmåla er: "Kor god meiner du nettstaden dykkar er på følgjande kvalitetar?"
  • Vesentlege nyheiter
  • Alltid oppdatert med siste nytt
  • "Nære" smånyheiter
  • Bidrag frå brukarane
  • Lenker til andre nyheitskjelder
  • Funksjon som startside
  • Nettdebatt
  • Store nasjonale nyheiter
  • Video laga av redaksjonen
  • Video laga av brukarane
  • Lydklipp frå redaksjonen
  • Lydklipp frå brukarane
  • Musikk
  • Bli referert og lenka til frå andre nettstader
  • Dagleg dialog med nettbrukarane (på nettet)
  • Nyttige tenester
  • Anna?
Kva anna bør eg ha med på lista, og kva kan eg evt. stryke? Alle innspel blir motteke med takk.

Eg har også med spørsmål om korleis ressursbruken er på nettet kontra hovedproduktet, om det har vore endringar i ressursbruken siste året, korleis ressursfordelinga burde vore ideelt sett, og om det er planar om å endre ressursbruken. I tillegg spør eg om publiseringsplattform, kjøp av tenester hos eksterne, inntening, dialog med lesarane/brukarane osv.

Ein del av undersøkinga vil skje i form av spørjeskjema på nettet, medan ein del vert teke som djupneintervju med nettansvarlege/redaktørar.

Om du har spørsmål som du ønskjer svar på, så tek eg dei gjerne med om dei passar inn i undersøkinga. Svara frå kvar enkelt blir sjølvsagt anonymisert, men eg kjem til å lage ein rapport med dei samla resultata.

Alle som bidrar her med spørsmål vil få tilbod om å få tilsendt rapporten samtidig med dei som har svart på undersøkinga. I tillegg vil den bli lagt ut her på desse sidene og varsla gjennom Twitter, truleg i løpet av april/mai 2009. Også link til spørjeskjemaet vil bli lagt ut i denne bloggen når det er klart seinare i mars.

0 kommentarer: